Straffutmåling for fleire tilfelle av promillekøyring og køyring utan førarkort for ein person som er domfelt fleire gonger tidlegare for tilsvarande lovbrot

Høgsteretts dom 18.10.2012, HR-2012-01976-A, (sak nr. 2012/1482), straffesak, anke over dom

A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jo Christian Jordet)

Dommarar: Kallerud, Matheson, Stabel, Tønder, Matningsdal

Den domfelte var tidlegare dømd 21 gonger for promillekøyring og 26 gonger for køyring utan førarkort. Tingretten og lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel utan vilkår i eitt år for fire nye tilfelle av promillekøyring og seks tilfelle av køyring utan førarkort. Dette var godt innanfor den veletablerte straffutmålingspraksisen.

I anken blei det teke til orde for at Høgsterett no burde justere ned straffenivået for gjentekne promillekøyringar.

Etter ein gjennomgang av forarbeida til lovendringar i 1988, 1995 og 2000 konstaterte Høgsterett at lovgivaren – med god kunnskap om den etablerte rettspraksisen og innvendingane mot han – har ønskt at den markerte straffskjerpinga ved gjentaking skal førast vidare. Når lovgivaren uttrykkjeleg har vurdert straffenivået og sagt at praksisen skal førast vidare, er det ikkje grunnlag for ei generell nedjustering av straffenivået.

Straffa på eitt års fengsel utan vilkår blei oppretthalden. 

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen