Straffutmåling – fellesstraff

Høgsteretts dom, 24.08.2012, HR-2012-01660-A, (sak nr. 2012/716), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad) mot A (advokat Marius O. Dietrichson)

Dommarar: Tjomsland, Stabel, Matheson, Webster, Schei

Straffutmåling – den domfelte hadde i to rettskraftige dommar blitt dømd til fellesstraff med same dom.

Lagmannsretten hadde gitt ein dom der det var utmålt fellesstraff med ein tidlegare dom frå tingretten. Da lagmannsrettsdommen blei gitt, var retten og partane ikkje klar over at det også ved ein tidlegare tingrettsdom var gitt fellesstraff med den førstnemnde tingrettsdommen. Påtalemakta anka på denne bakgrunnen lagmannsrettsdommen til Høgsterett til gunst for den domfelte.

Høgsterett fann det klart at anken måtte takast til følgje. At lagmannsretten hadde komme i skade for å gi ny fellesstraff med tingrettsdommen, var ein feil som måtte rettast opp, og som gav grunnlag for å setje ned straffa. På denne bakgrunnen gjorde Høgsterett heile straffa til vilkårsstraff. Prøvetida blei rekna frå tidspunktet for lagmannsrettsdommen sidan det var anka til gunst for den domfelte.

Les avgjørelsen i sin helhet 

 

Til toppen