Fordeling av utgifter til drift og vedlikehald av heisane i eit bustadsameige

Høgsteretts dom, 14.11.2013, HR-2013-02409-A, (sak nr. 2013/596), sivil sak, anke over dom

Johan H. Martens mfl. (advokat Fred Arne Gade) mot Sameiet Gregers Grams vei (advokat Jan-Erik Nielsen)

Dommarar: Falkanger, Stabel, Endresen, Kallerud, Tjomsland

Saka gjaldt fordeling av utgifter til drift og vedlikehald av heisane i eit bustadsameige. Sameiget bestod av sju blokker, og det var heis i berre fire av dei. Spørsmålet var om eigarane av sameigeseksjonane i dei tre blokkene som ikkje hadde heis, skulle vere med på å dekkje kostnadene etter sameigebrøk, eller om kostnadene skulle dekkjast etter den nytten sameigarane hadde av heisane.

Fleirtalet (tre dommarar) kom til at hovudregelen i eigarseksjonslova § 23 om fordeling etter sameigebrøk måtte takast i bruk. Dei uttalte at unntaksregelen om fordeling etter nytte måtte tolkast snevert. Regelen kunne først og fremst komme til bruk ved utgifter til nye installasjonar, og det var ikkje grunn til å fråvike dette utgangspunktet i denne saka.

Mindretalet (to dommarar) framheva at eigarane av seksjonane i dei tre blokkene utan heis ikkje hadde nytte av dei aktuelle heisane. Det dreidde seg dessutan om langt større kostnader enn ved vanleg vedlikehald. Unntaksregelen måtte derfor komme til bruk.

Les avgjørelsen i sin helhet

 

Til toppen