Gyldigheita av eit likningsvedtak

Høgsteretts dom, 19.06.2013, HR-2013-01303-A, (sak nr. 2012/2009), sivil sak, anke over dom

A.L. Industrier AS (advokat Harald Willumsen) mot staten v/Skatt øst (advokat Morten Goller)

Dommarar: Indreberg, Normann, Bergsjø, Bull, Stabel

Saka gjeld gyldigheita av eit likningsvedtak:

A.L. Industrier AS selde i mai 2003 det heileigde dotterselskapet sitt Nopal AS. Salet skjedde ved overdraging av éin aksje, som var resultatet av ei samanspleising som var vedteke kort tid før salet av dei 250 opphavlege aksjane i selskapet og 22 050 aksjar som var blitt teikna etter 1992. For dei opphavlege 250 aksjane, som før skattereforma i 1992 kunne vore selde skattefritt, hadde A.L. Industrier nytta høvet til oppregulering av inngangsverdiane etter takst. 

Saka gjaldt ueinigheit om kva spleisen hadde å seie for bruken av tapsfrådragsregelen i skattelova § 19-2 andre ledd bokstav a nr. 1. Skattytaren meinte at det ved gevinst-/tapsberekninga skulle skje ei samanslåing av inngangsverdiane til alle aksjane som var spleisa. Realisasjonen førte med dette utgangspunktet til eit tap på 1 484 054 kroner. Skattytaren meinte det var dette tapet som var omfatta av skattelova § 19-2 andre ledd bokstav a nr. 1, og kravde ikkje frådrag for det.

Staten ved Skatt øst la til grunn at gevinst-/tapsberekninga måtte gjerast med grunnlag i inngangsverdiane for kvar enkelt aksje som låg føre før aksjespleisen, og at vederlaget måtte fordelast likt på kvar aksje. For dei opphavlege 250 aksjane ville skattytaren dermed få eit tap på 137 945 800 kroner, og for dei 22 050 aksjane som hadde komme til etter 1992, ville det bli ein gevinst på 136 461 746 kroner. Tapet som var knytt til dei 250 opphavlege aksjane, kunne ikkje gi rett til frådrag, jf. skattelova § 19-2 andre ledd bokstav a nr. 1.

Skattytaren fekk ikkje medhald. Høgsteretts syn var at dommen i Rt. 2003 side 82 inneber at gevinstberekninga måtte blitt slik Skatt øst hadde fastslått, dersom aksjane ikkje var blitt spleisa, og at ordlyden i lova og reelle omsyn tilsa at spleisen ikkje kunne føre til noko anna resultat.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen