Spørsmål om ei stadfesting av finansiering ein bank hadde gitt, inneheldt garanti for oppgjer av kjøpesummen

Høgsteretts dom, 31.10.2013, HR-2013-02284-A, (sak nr. 2013/347), sivil sak, anke over dom

Normannsgate 4 AS (advokat Per Christian Grant-Carlsen) mot Grünerløkka Eiendomsmegling AS og Gjensidige Forsikring ASA (advokat Jardar Aas)

Dommarar: Matheson, Øie, Endresen, Bull, Tjomsland

Saka gjaldt spørsmål om ei stadfesting av finansieringa ein bank hadde gitt ein seljar, inneheldt ein garanti for oppgjer av kjøpesummen.

Høgsterett uttalte at spørsmålet om ein bank gjennom erklæringa ikkje berre har stadfesta ei finansiering, men overfor seljaren også forplikta seg til å yte det kunden har fått tilsegn om – altså gitt ein betalingsgaranti – må vere avhengig av ei tolking av tilsegna. Ved tolkinga blir det teke utgangspunkt i at ein garanti er ei tyngande forplikting. Derfor krevst det klare haldepunkt for at den som har gitt utsegna, har meint å garantere overfor seljaren. Ei erklæring kan innehalde ei garantiforplikting sjølv om ho etter ordlyden ikkje reknar seg sjølv som nokon garanti. Vidare kan det omstendet at kreditor uttrykkjeleg har bedt om garantitryggleik, føre til at ei etterfølgjande erklæring blir rekna som ein garanti sjølv om teksten i erklæringa ikkje gir grunnlag for ei slik forståing. Utgangspunktet må likevel vere at ei stadfesting av finansiering ikkje inneber nokon garanti overfor seljaren.

Høgsterett kom etter ei konkret vurdering samrøystes til at finansieringsstadfestinga banken hadde gitt seljaren, ikkje inneheldt noka garantiforplikting.

Les avgjørelsen i sin helhet

 

Til toppen