Spørsmål om ein attlevande ektefelle har sete i uskifte

Høgsteretts dom 17.09.2013, HR-2013-01969-A, (sak nr. 2013/402), sivil sak, anke over dom

A (advokat Brynjar Østgård) mot B mfl. (advokat Marcus Amdahl)

Dommarar: Indreberg, Bårdsen, Bergsjø, Noer, Øie

Saka gjeld spørsmål om ein attlevande ektefelle har sete i uskifte, jf. arvelova kap. III.

A, som tanta hadde testamentert alt ho eigde, til, gjorde gjeldande at tanta ikkje hadde sete i uskifte. Ho hadde ikkje gitt noka dispositiv utsegn da ho seks år før opprettinga av testamentet kravde uskifteerklæring, subsidiært var uskiftet ugyldig. Testamentet og utsegner i samband med det viste at ho ikkje hadde meint å krevje uskifte, og skifteretten hadde forsømt å opplyse om at ho var betre tent med ikkje å sitje i uskifte, da verdiane i buet var så små, jf. dagjeldande § 64 i skiftelova.

Dette førte ikkje fram. Høgsterett peikte på at det skal mykje til for å komme til at den som har skrive under eit krav om uskifteattest, ikkje har meint å ville sitje i uskifte. Enda sterkare gjeld dette når vedkommande tek imot uskifteerklæringa utan å protestere. Det var ikkje noko som tydde på at J ikkje visste kva ho skreiv under på. Mangelen på informasjon frå skifteretten om alternativ til uskifte, kunne ikkje føre til at kravet om uskifte ikkje blei rekna for å oppfylle krava til ei viljeserklæring. Uskiftet var heller ikkje ugyldig.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen