Spørsmål om far skal ha rett til samvær med ei fem år gamal dotter

Høgsteretts dom, 23.10.2013, HR-2013-02214-A, (sak nr. 2013/835), sivil sak, anke over dom

A (advokat Arild Humlen) mot B (advokat Gro Hamre)

Dommarane Utgård, Webster, Kallerud, Falkanger, Schei

Saka gjaldt spørsmålet om far skal ha rett til samvær med ei dotter, som no er fem år.

B og A møtte kvarandre i januar 2006 og flytta saman i januar 2007. B hadde med seg si den gongen fem år gamle dotter, D. Paret fekk 14. januar 2008 fellesbarnet C.

A vart i april 2009 sikta for seksuell omgang med D. Han vart pågripen og sat to dagar i varetekt. Mor flytta då ut av bustaden saman med begge døtrene.

Riksadvokaten la 10. mars 2010 bort saka grunna "bevisets stilling". Kontoret for valdsoffererstatning tilkjende oppreising til D fordi overgrep vart funne "klårt sannsynleg".

Etter utflyttinga har det vore ein langvarig tvist om far skal ha rett til samvær med C.

Tingretten kom til at far skulle ha rett til eit årleg samvær på 16 timar under tilsyn. Lagmannsretten nekta, under dissens, samvær.

Høgsterett forkasta anken frå A. I dommen er det merknader om det rettslege utgangspunktet for vurderinga. I den konkrete avveginga viste Høgsterett i stor grad til vurderingane i dommen frå lagmannsretten, og også til tilrådingane frå dei sakkunnige for tingretten og for lagmannsretten.

Mor meinte, i samsvar med det D hadde fortalt, at A hadde gjort seg skuldig i overgrep, noko A nekta for. Både mor og D opplevde det som svært vanskeleg at A hadde samvær med C. Tilhøvet mellom B og A har vore svært konfliktfylt etter siktinga, og det har berre vore gjennomført nokre få samvær med C og då med tilsyn. I premissane hos fleirtalet i lagmannsretten, som Høgsterett slutta seg til, heitte det:

"Flertallet har, under tvil, kommet til at en stadig tilbakevendende belastning for C gjennom egne, mors og Ds reaksjoner ved en slik samværsordning, er mer belastende enn gevinsten ved av og til møte far."

Les heile avgjerda

Til toppen