Tolking av overgangsføresegna i yrkesskadeforsikringslova § 21

Høgsteretts dom, 21.10.2013, HR-2013-02188-A, (sak nr. 2013/221), sivil sak, anke over dom

Yrkesskadeforsikringsforeningen (advokat Ståle Haugsvær) mot A (advokat Kjell Inge Ambjørndalen)

Dommarar: Webster, Falkanger, Noer, Kallerud, Øie

Saka gjaldt tolkinga av overgangsføresegna i yrkesskadeforsikringslova § 21. Spørsmålet var om ein høyrselsskade som forverra seg på grunn av eksponering for støy etter at lova tredde i kraft, var dekt av yrkesskadeforsikringslova.

Yrkesskadeforsikringslova § 21 inneber at lova gjeld for skadar og sjukdommar som blir konstaterte etter 1. januar 1990. A fekk påvist ein høyrselsskade i 1989 som følgje av at han hadde arbeidd i støybelasta omgivnader. Denne skaden blei rekna som konstatert før 1990, men A blei eksponert for støy i arbeidet i mange år etter 1990. Skaden dette førte til, kunne ikkje reknast som konstatert før 1990, og det tapet han leid som følgje av skade som var påført etter 1990, skulle dekkjast under yrkesskadeforsikringslova.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen