Utvida ("kopla") tilbakehaldsrett for speditør etter Nordisk speditørforbunds alminnelige bestemmelser 2000 (NSAB) § 14

Høgsteretts dom 29.01.2013, HR-2013-00213-A, (sak nr. 2012/785), sivil sak, anke over dom

Tyrholm & Farstad AS (advokat Odd Magne Gjerde) mot Normar Fish AS, dets konkursbo (advokat Hans Ingvald Stensholdt)

Dommarar: Tønder, Bårdsen, Bull, Normann, Matningsdal

Saka gjaldt om speditøren har ein utvida ("kopla") tilbakehaldsrett etter Nordisk Speditørforbunds alminnelige bestemmelser 2000 (NSAB) § 14, og, i så tilfelle, om denne kan støytast om etter dekningslova § 5-7.

Speditøren hadde over ein periode på 14 månader hatt 13 eksportoppdrag for oppdragsgivaren da sistnemnde gjekk konkurs. I løpet av denne tida hadde speditøren opparbeidd seg eit betydeleg tilgodehavande hos oppdragsgivaren.

Fleirtalet i Høgsterett la til grunn at speditøren hadde tilbakehaldsrett i gods som var overlevert denne i samband med det siste oppdraget, for gjeld som knytte seg til tidlegare oppdrag, trass i manglande konneksitet mellom godset og kravet. Ein slik tilbakehaldsrett var heimla i NSAB 2000 § 14, og Høgsterett fann at kontraktstilhøvet mellom speditør og oppdragsgivar var av ein slik karakter at føresegna kom til bruk. Sidan ein slik utvida tilbakehaldsrett også hadde status som sedvanerett, jf. Rt. 1973 side 967, kom ikkje dekningslova § 5-7 om omstøyting ved pant eller annan garanti for eldre gjeld til bruk, sjølv om godset var motteke innan tre månader før konkursopninga.

Mindretalet (to dommarar) kom til at kontraktstilhøvet mellom partane ikkje var av ein slik karakter at speditøren kunne gjere ein utvida tilbakehaldsrett gjeldande.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen