Anke over dom for grovt underslag – spørsmål om domsgrunnane til lagmannsretten er mangelfulle

Høgsteretts dom, 28.01.2013, HR-2013-00191-A, (sak nr. 2012/1386), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kjetil Omholt)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Bergsjø, Noer, Øie

Saka gjeld anke over dom for grovt underslag og reiser særleg spørsmål om domsgrunnane til lagmannsretten er mangelfulle når det gjeld vilkåret om urettkomme vinningsføremål, jf. straffelova § 255.   

A blei av tingretten og lagmannsretten domfelt for grovt underslag fordi han hadde beheldt ein større del av kjøpesummen ved sal av Diabulk Norge ANS enn avtalen med medeigaren tilsa. A gjorde gjeldande at han hadde krav mot selskapet som han hadde rett til å motrekne i salsvederlaget. Lagmannsretten såg ikkje bort frå at han hadde motkrav, men tok ikkje stilling til krava og drøfta ikkje betydninga for vilkåret om urettkomme vinningsføremål. I samsvar med påstand både frå den domfelte og frå påtalemakta blei dommen med ankeforhandling oppheva på grunn av mangelfulle domsgrunnar. Dette gjaldt også den delen av dommen som gjaldt erstatning til den fornærma.

Les heile avgjerda

Til toppen