Fastsetjing av straff for å ha med om lag 9,1 kilo anabole steroid å gjere

Høgsteretts dom, 31.01.2013, HR-2013-00240-A, (sak nr. 2012/1617), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Benedikte Høgseth) mot A (advokat Øystein Storrvik)

Dommarar: Noer, Tønder, Indreberg, Bergsjø, Gjølstad

Saka gjeld fastsetjing av straff for å ha med om lag 9,1 kilo anabole steroid å gjere, og reiser spørsmål om utgangspunktet for berekning av kvantum i slike saker.

Det sentrale spørsmålet i saka var korleis ein skal berekne mengda av dopingmiddel med sikte på samanlikning med kvantum i liknande saker. Fordi dopingpreparat blir brukte på svært ulike måtar, er det vanskeleg å operere med rusdosar som i narkotikasaker. Høgsterett tok difor utgangspunkt i ei vurdering av kor mange år med uavbrote misbruk det beslaglagde stoffet kunne gi opphav til, og gjorde greie for dagsdosane som var lagde til grunn ved denne berekninga.

Den samla stoffmengda i saka svarte til 272 år med kontinuerleg misbruk av anabole steroid. Den tiltalte hadde hatt ei sentral rolle, men var ikkje hovudmann. Høgsterett slutta seg til vurderinga til lagmannsretten om at riktig utgangspunkt ved straffutmålinga var om lag 4 år og 6 månaders fengsel. På grunn av at saka var blitt gammal, og som følgje av tilståing, heldt Høgsterett fast ved straffa frå lagmannsretten på fengsel i 3 år og 6 månader, der eitt år var gjort til vilkårsstraff. 

Les heile avgjerda

Til toppen