Forståinga av straffelova § 219

Høgsteretts dom, 12.03.2013, HR-2013-00577-A, (sak nr. 2012/1812), straffesak, anke over dom

A (advokat Harald Stabell) mot Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Katharina Rise)

Dommarar: Webster, Normann, Bergsjø, Bull, Endresen

Saka gjaldt forståinga av straffelova § 219.

Ein far hadde i over 20 år utsett sonen sin for krenkjande åtferd. Fram til sonen var 16 år, var faren valdeleg og kom med aggressive og truande verbale utbrot. Etter dette endra mishandlinga karakter til berre verbale krenkjande ytringar. Spørsmålet var om det låg føre brot på § 219 i den siste perioden.

Høgsterett kom til at åtferd som isolert sett ikkje fyller gjerningsinnhaldet i føresegna, men som inngår i eit "regime" prega av krenkingar som samla er av ein så alvorleg grad at § 219 kan brukast, må takast med i den samla vurderinga. Dette innebar at brotet på § 219 heldt fram også etter at den valdelege åtferda frå faren si side tok slutt.

Les heile avgjerda

Til toppen