Krava til domsgrunnar ved domfelling for grovt skattesvik

Høgsteretts dom, 05.02.2013, HR-2013-00279-A, (sak nr. 2012/1484), straffesak, anke over dom

A (advokat Pål Berg) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Bårdsen, Webster, Kallerud, Bull, Øie

Saka gjaldt krava til domsgrunnar ved domfelling for grovt skattesvik.

I vedtak av skattekontoret 10. mars 2010 blei næringsinntekta til A for åra 1998 til 2002 auka med til saman 14 029 150 kroner. Skattekontoret meinte at dette var skattbar inntekt frå omsetning av kunst gjennom Forum Gallery i New York i den same perioden. Vedtaket var basert på bokettersyn og opplysningar som var innhenta av amerikanske skattestyresmakter. Det blei mellom anna avdekt utbetalingar av 1 675 000 amerikanske dollar frå Forum Gallery til A, der skattestyresmaktene la til grunn at 900 000 dollar hadde vore plassert i ein bankboks i Austerrike som tilhøyrde A, og 775 000 dollar sett inn på kontoen hans i ein islandsk bank i Luxembourg.

Dei tidlegare instansane fann A skuldig etter tiltale for grovt skattesvik, jf. likningslova § 12-2 nr. 1 og 2, jf. § 12-1 nr. 1 bokstav a. I lagmannsretten blei straffa sett til fengsel i to år og ti månader.

Høgsterett fann at domsgrunnane var mangelfulle når det gjaldt kva verdiar som var dregne unna skatt – spørsmålet om ei inntekt på 700 000 dollar var tald med to gonger, og om det var skatta av eit beløp på 450 000 dollar av dette. Manglane gjaldt ein betydeleg del av det totale beløpet i saka. Dommen i lagmannsretten med ankeforhandling måtte difor opphevast.

Les heile avgjerda

Til toppen