Spørsmål om ein lege kan domfellast for å ha øydelagt bevis

Høgsteretts dom, 06.11.2013, HR-2013-02333-A, (sak nr. 2013/877), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Torstein Hevnskjel) mot A (advokat Pål M. Andreassen)

Dommarar: Bergsjø, Matheson, Utgård, Indreberg, Schei

Det blei funne ein pose med narkotika på ein bevisstlaus pasient etter at han var lagd inn på sjukehus. Personalet kontakta politiet, og ein politibetjent kom for å hente posen. Legen gneid posen mellom hendene før overleveringa og fekk eit førelegg for å ha fjerna eventuelle spor av DNA.

Høgsterett kom til at legen handla i tråd med teieplikta som gjeld for helsepersonell. Han handla dermed rettmessig og kunne ikkje dom­fellast. Høgsterett meinte at rekkjevidda av teieplikta må avgjerast ut frå ei konkret vurdering av kva som er rimeleg, mellom anna med tanke på korleis anonymiteten til pasienten kunne vernast i praksis. I den konkrete vurderinga la Høgsterett vekt på at legen var klar over teieplikta, at sjukehuset ikkje hadde sørgt for anonymisering før legen fekk hand om posen, at politibetjenten stilte spørsmål rundt identiteten til pasienten og gav uttrykk for at det ville bli teke prøver av DNA, og at identiteten til pasienten enkelt kunne vernast.

Les heile avgjerda

Til toppen