Spørsmål om lagmannsretten skulle ha oppheva tingrettsdommen pga. at sorenskrivaren var inhabil

Høgsteretts dom, 26.06.2013, HR-2013-01359-A, (sak nr. 2013/394), straffesak, anke over dom

A (advokat Per S. Johannessen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Thomas Frøberg)

Dommarar: Falkanger, Webster, Utgård, Endresen, Tjomsland

Saka gjaldt om lagmannsretten – utanom anken – skulle ha oppheva tingrettsdommen fordi sorenskrivaren hadde vore inhabil.

Ein mann blei domfelt i tingretten for seksuallovbrot overfor ei mindreårig jente. Han anka til lagmannsretten over bevisvurderinga. Under ankeforhandlinga blei lagmannsretten merksam på at sorenskrivaren hadde leidd eit barneavhøyr av den fornærma i saka, og at han difor hadde vore inhabil til å dømme i saka. Da dette blei gjort kjent for forsvararen, fremma han krav om at tingrettsdommen måtte opphevast. Lagmannsretten gav likevel orskurd om at dommen ikkje skulle opphevast, og heldt fram med ankebehandlinga. Mannen blei deretter funnen skuldig i lovbrota og dømd til same straff som i tingretten.

Anken til Høgsterett gjaldt saksbehandlinga. Den domfelte gjorde gjeldande at lagmannsretten hadde plikt til å oppheve dommen i tingretten. Anken førte ikkje fram. Høgsterett la avgjerande vekt på at lagmannsretten hadde gjennomført ei ny, sjølvstendig og fullgod behandling av skuldspørsmålet.  

Les heile avgjerda

Til toppen