Spørsmål om fastsetjing av reaksjon. Hovudspørsmålet var om den domfelte skulle dømmast til tidsavgrensa fengselsstraff eller til forvaring

Høgsteretts dom 27.06.2013, HR-2013-01382-A, (sak nr. 2013/498), straffesak, anke over dom

A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jørn S. Maurud)

Dommarar: Webster, Noer, Falkanger, Utgård, Tjomsland

Saka gjaldt spørsmål om fastsetjing av reaksjon ved brot på straffelova § 229 tredje straffalternativ, jf. § 232. Hovudspørsmålet var om den domfelte skulle dømmast til tidsavgrensa fengselsstraff eller til forvaring.

A hadde stukke den fornærma i magen med kniv og forårsaka ei livstruande bløding. Den fornærma blei redda av rask legebehandling og er fysisk frisk, men har psykiske plager som følgje av hendinga.

Høgsterett kom til at ei eventuell fengselsstraff ville vere 3 år og 6 månader etter oppjustering av straffelova § 61 og noko nedjustering på grunn av at ankeforhandlinga i lagmannsretten var blitt utsett to gonger utan at A kunne klandrast.

Høgsterett kom til at det var grunnlag for forvaring. Dei sakkunnige beskreiv A som ein rigid person som meinte han hadde rett til å bruke vald når han følte seg urettferdig behandla eller krenkt. Han leid av alkoholisme og hadde inga forståing for at han hadde behov for å endre haldningane sine. Tidsramma blei sett til 3 år og 6 månader.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen