Straffutmåling for grovt narkotikabrotsverk – spørsmål om dom på samfunnsstraff framfor fengsel på vilkår

Høgsteretts dom, 03.05.2013, HR-2013-00949-A, (sak nr. 2013/82), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jostein Johannessen)

Dommarar: Bårdsen, Kallerud, Falkanger, Utgård, Schei

Saka gjaldt straffutmåling for grovt narkotikabrotsverk. Det var spørsmål om omsynet til rehabiliteringa av den domfelte måtte føre til dom på samfunnsstraff framfor fengsel på vilkår. Saka blei behandla i samanheng med HR-2013-00947-A og HR-2013-00948-A.

A var av tingretten funnen skuldig mellom anna i brot på straffelova § 162 andre ledd, jf. første ledd, for oppbevaring av drygt 300 gram amfetamin med ein gjennomsnittleg styrkegrad på 12 prosent. Straffa blei sett til fengsel i 1 år. Etter anken frå A skjerpa Agder lagmannsrett straffa til fengsel i 1 år og 2 månader.A anka straffutmålinga til Høgsterett, og bad om samfunnsstraff.

Høgsterett forkasta anken. Det hadde vore ei utvikling i riktig retning, mellom anna ved skolegang under soning av ein tidlegare dom og gjennom planar om ytterlegare utdanning. Men biletet var samansett. Det låg totalt sett ikkje føre så tunge rehabiliteringsomsyn at samfunnsstraff ville vere ein riktig reaksjon på det grove narkotikabrotsverket A var funnen skuldig i, jf. straffelova § 28 a andre ledd.

Les heile avgjerda

Til toppen