Straffutmåling for seksuallovbrot mot barn under 16 år

Høgsteretts dom 22.05.2013, HR-2013-01072-A, (sak nr. 2013/534), straffesak, anke over dom

A (advokat Harald Stabell) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kaia Strandjord)

Dommarar: Bårdsen, Bergsjø, Normann, Endresen, Stabel

Saka gjaldt straffutmåling for seksuallovbrot mot barn under 16 år, i form av forsøk på å få ei jente på snart 15 år til å ta av seg kleda framfor eit web-kamera – straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. § 49 – og for etter avtale å møte ei jente på 15 år med forsett om å ha seksuell omgang med henne, såkalla grooming – straffelova § 201 a. Den domfelte hadde vore i aktlaus villfaring om alderen til jenta, og forlét staden da han blei klar over at ho var under 16 år.

Begge dei tidlegare rettane hadde sett straffa til fengsel i 120 dagar. Anken frå den domfelte førte ikkje fram. Det blei lagt vekt på ei tidlegare domfelling for seksuell omgang med barn under 14 år.

Utanom anken måtte den domfelte frifinnast for forsøk på kjøp av seksuelle tenester – straffelova § 202 a bokstav a, jf. § 49 – på grunn av tilbaketrekking, jf. straffelova § 50: Han hadde avstått frå seksuell kontakt med den prostituerte av "egen fri Vilje".

Les heile avgjerda

Til toppen