Straffutmåling for vanleg ran

Høgsteretts dom, 12.03.2013, HR-2013-00578-A, (sak nr. 2012/1892), straffesak, anke over dom

A (advokat Øystein Storrvik) mot Den offentlige påtalemyndighet (kst. statsadvokat Alvar Krafft Randa)

Dommarar: Noer, Bergsjø, Bull, Webster, Endresen

Saka gjeldstraffutmåling for vanleg ran.

Den tiltalte var dømd for vanleg ran av ein einsleg, rusa mann, utført om natta i Oslo. Den tiltalte og kameraten hans hadde pressa den fornærma ned på ein benk og slått han på sida av hovudet og i ansiktet for å få han til å gi frå seg bankkort og pinkode. Dei tiltalte heldt ein skarp gjenstand som den fornærma oppfatta som ein kniv, mot halsen til den fornærma, noko som førte til at han fekk eit sår og eit risp på halsen.

Høgsterett la ved straffutmålinga vekt på dei sterke allmennpreventive omsyna i saka, i tillegg til at den tiltalte to månader før ranet var blitt pågripen av politiet for eit liknande ran.

Straffa i lagmannsretten på fengsel i eitt år blei ståande

Les heile avgjerda

Til toppen