Straffutmåling for tjuveri av mobiltelefonar på offentleg stad

Høgsteretts dom, 09.09.2013, HR-2013-01892-A, (sak nr. 2013/776), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Cecilie Schløsser Møller) mot A (advokat John Christian Elden)

Dommarar: Bergsjø, Kallerud, Matheson, Bull, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling for tjuveri av mobiltelefonar på offentleg stad ‒ såkalla lommetjuveri. Saka reiste særleg spørsmål om det generelle straffenivået for slike brotsverk burde hevast på bakgrunn av kriminalitetsutviklinga.

Høgsterett kom til at normalstraffenivået for eit profesjonelt lommetjuveri som er utført systematisk og med formål å livnære seg av verksemda, burde vere fengsel i 90 dagar. Ved vurderinga av nivået la Høgsterett vekt på at talet på lommetjuveri har auka kraftig sidan 2010. Vidare framheva Høgsterett at tjuveri av mobiltelefonar inneber ein risiko for at personleg og sensitivt materiale kjem på avvegar og blir misbrukt. Dette er ei samfunnsskadeleg verksemd som rammar ofra hardt, og tjuveria skjer på offentleg stad der mange ferdast og behovet for tryggleik er stort.

Lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i fem månader for fire slike tjuveri. Høgsterett skjerpa straffa til åtte månaders fengsel etter å ha teke eit visst omsyn til tilståing og ei tidlegare domfelling for tilsvarande forhold.

Les heile avgjerda

Til toppen