Straffutmåling for valdtekt til samleie med sovande kvinne

Høgsteretts dom, 06.02.2013, HR-2013-00301-A, (sak nr. 2012/1685), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemyndighet (statsadvokat Katharina Rise)

Dommarar: Skoghøy, Stabel, Falkanger, Bårdsen, Matningsdal

Saka gjaldt straffutmåling for valdtekt til samleie med sovande kvinne, jf. straffelova § 192 første ledd bokstav b, jf. andre ledd bokstav a.

A var dømd for under ein etterpåfest i ------ -- i X å ha hatt samleie med ei kvinne som på grunn av søvn og rus ikkje var i stand til å motsetje seg handlinga. Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i fire år. Anken over straffutmålinga var blitt tillaten fremma til Høgsterett, og blei behandla i samanheng med sak 2012/1591 (HR-2013-00300-A). Anken blei samrøystes forkasta.

Høgsterett viste til at det i forarbeida til ei lovendring i 2010 var halde fram at normalstraffenivået for slike lovbrot "ikke [bør] være under fengsel i 4 år". Det må liggje føre særlege formildande omstende for at straffa skal kunne setjast til fengsel under fire år, jf. HR-2013-00300-A. Ein fann ikkje at det låg føre omstende som tilsa at normalstraffenivået skulle fråvikast. 

Les heile avgjerda

Til toppen