Straffutmåling for voldtekt til seksuell omgang av en kvinne som var ute av stand til å motsette seg handlingen

Høgsteretts dom, 11.06.2013, HR-2013-01239-A, (sak nr. 2012/1895), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Katharina Rise) mot A (advokat Frode Sulland)

Dommarar: Webster, Stabel, Tønder, Bull, Matningsdal

Saka gjaldt straffutmåling for valdtekt til seksuell omgang av ei kvinne som var ute av stand til å motsetje seg handlinga som følgje av rus, jf. straffelova § 192 første ledd bokstav b.

Den domfelte hadde ført éin til tre fingrar inn i vaginaen til den fornærma og bevega fingrane dels raskt og hardt og dels sakte. Han heldt på med dette i opptil 10 minutt. Den fornærma var rusa og sov, og var ikkje i stand til å motsetje seg handlinga.

Høgsterett tok ved straffutmålinga utgangspunkt i ei straff på 3 år og 3 månader – tilsvarande som for valdtekt til seksuell omgang ved fingrar i vagina etter straffelova § 192 første ledd bokstav a. Frå dette blei det gjort frådrag for at den domfelte hadde tilstått, og for den unge alderen til den domfelte. Han var 18 ½ år på gjerningstidspunktet. Straffa blei sett til fengsel i 2 år.

Les heile avgjerda

Til toppen