Tap av førerett på grunnlag av fartsoverskriding og fleire tilfelle av køyring medan førarkortet var beslaglagt av politiet

Høgsteretts dom 10.04.2013, HR-2013-00762-A, (sak nr. 2012/1850), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlige påtalemyndighet (kst. statsadvokat Hans Vang)

Dommarar: Kallerud, Normann, Endresen, Falkanger, Utgård

Etter eit fartsbrot blei førarkortet til den sikta beslaglagt av politiet. Likevel køyrde han bil ved fem høve før saka kom for retten. Fartsbrotet førte etter tapsforskrifta § 2-2 nr. 3 til tap av føreretten i 12–15 månader. På grunn av køyringa utan førarkort auka tingretten og lagmannsretten tapstida til to år under tilvising til § 7-1 i den same forskrifta.

Den domfelte gjorde gjeldande at § 7-1 berre gjeld køyring etter at tapsperioden er fastsett av domstolen, og at føresegna difor ikkje gav heimel for å auke tida utover det forskrifta fastset for fartsbrotet aleine. Høgsterett slo fast at sjølv om § 7-1 ikkje kjem til bruk, må domstolane ved fastsetjing av tapstida der den sikta har køyrt motorvogn trass i at førarkortet var beslaglagt av politiet, ved skjønnsutøvinga kunne leggje stor vekt på retningslinjer som er gitt i § 7-1. Det var da ikkje noko å seie på den tapstida som var fastsett av dei tidlegare instansane.

Les heile avgjerda

Til toppen