Utmåling av straff for lekamsskading

Høgsteretts dom, 27.06.2013, HR-2013-01384-A, (sak nr. 2013/975), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvoakt Peter André Johansen) mot A (advokat Pål M. Andreassen)

Dommarane Utgård, Noer, Webster, Falkanger, Tjomsland

Saka gjaldt utmåling av straff for lekamsskading, jf. straffelova § 229 første straffalternativ, og for å ha valda fare for andre, jf. straffelova § 350 andre ledd.

A var natt til laurdag 16. juni 2012 på ein utestad i X saman med ei venninne. Etter at det rundt klokka 2 på natta hadde oppstått amper stemning mellom domfelte A og venninna, med mellom anna lugging, vart A teken med ut av dørvakta. A stod bak eit bord, medan venninna og dørvakta stod på den andre sida av bordet. Avstanden var om lag 2 meter. A tok då eit oskebeger og kasta dette med stor kraft mot ansiktet til venninna. Oskebegeret, som vog om lag 220 gram, trefte ikkje venninna men dørvakta. Han fekk eit kutt i hovudet, som vart sydd med fire sting, og som førte til eit synleg og varig arr.

Fleirtalet i Høgsterett, fire av dommarane, sette straffa til fengsel i 90 dagar. Det vart vist til at handlinga skjedde etter lovendring i 2010, med merknader i lovførearbeida om auka straff for vald på utestader.

Mindretalet, ein dommar, meinte straffa burde setjast til fengsel i 60 dagar til liks med det lagmannsretten var komen til.

Les heile avgjerda

Til toppen