Anke over straffutmålinga i sak med domfelling for forsøk på å tvinge dotter på 16 år til å inngå ekteskap

Høgsteretts dom, 06.03.2014, HR-2014-00469-A, (sak nr. 2013/2086), straffesak, anke over dom,

A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jogeir Nogva)

Dommarane: Utgård, Bårdsen, Sæbø, Falkanger, Gjølstad

Saka gjaldt anke over straffutmålinga i sak med domfelling for forsøk på å tvinge dotter på 16 år til å inngå ekteskap.

A og familien hans – kone og to døtrer – høyrer til den etniske folkegruppa kurdarar. Dei flykta frå Y og kom til Noreg i februar 2010.

Forsøket på tvangsekteskap skjedde gjennom eit vedvarande sosialt press mot ei av døtrene, som då var 16 år gammal. Ho fekk høyre at ho ikkje hadde noko val, og at ho ved å nekte førte skam over familien, og at dei ville bli utstøytte av resten av familien. Den domfelte sette også i verk konkrete tiltak for å gjennomføre tvangsekteskapet, både ved å ta kontakt med ein mulla i Y og ved å ordne med ein ekteskapskontrakt. Han søkte dessutan å få til frivillig tilbakereise for dottera, og undersøkte også om nokon var villige til tilbakeføring med tvang. Det vart ikkje nytta vald eller truslar om vald.

Høgsterett tok utgangspunkt i avgjerda i Rt. 2006 side 140, som også gjaldt eit tilfelle av forsøk på tvangsekteskap, og der straffa for far tilsvarande vart sett til fengsel i 2 år og 6 månader. Saka der var alvorlegare, ved at det mellom anna vart sett fram truslar om drap, og at desse saman med lekamskrenkingar gav saka eit visst preg av mishandling. På den andre side har det etter 2006 skjedd ei skjerping i straffenivået ved seksuallovbrot, som må ha eit visst gjennomslag også i saker om tvangsekteskap.

I saka no var det tale om sosialt press saman med førebuingar til gjennomføring. Det vart vist til det lagmannsretten hadde uttala om at det må reknast med at dei fleste slike lovbrot skjer på dette viset, "ved et vedvarende sosialt press over tid, for å bryte ned fornærmedes motstand".

Høgsterett viste til at dottera berre var 16 år då forsøket på tvangsekteskap vart utført, og at den domfelte sin handlemåte må ha vore svært vanskeleg for henne medan forsøkshandlingane vart utførte. Handlinga fekk også konsekvensar i ettertid, ved at den krenkte – saman med mora og søstera – har flytta og no har hemmeleg adresse. Ved straffutmålinga måtte det som i saka frå 2006 kome inn at det ikkje vart etablert samliv mellom dottera og den påtenkte ektemaken.

Ved utmålinga kom det inn at det var ei forsøkshandling.

Høgsterett sette straffa til fengsel i 1 år og 4 månader, slik også lagmannsretten hadde gjort.

Les heile avgjerda

Til toppen