Inndraging av ein varebil som blei nytta ved eit grovt tjuveri

Høgsteretts dom, 06.03.2014, HR-2014-00470-A, (sak nr. 2013/2279), straffesak, anke over dom

A (advokat Sveinung Eliassen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tore Kulstad)

Dommarar: Bårdsen, Sæbø, Falkanger, Utgård, Gjølstad

Saka gjaldt inndraging av ein varebil som hadde vore nytta ved eit grovt tjuveri. Det var gjort gjeldande at inndraging var uforholdsmessig, mellom anna med tanke på forholdet mellom verdien av bilen og utbytet.

Uttalt at Høgsterett kan prøve verdivurderinga ved gjenstandsinndraging, og at målestokken regulært vil vere den lovlege verdien gjenstanden har i Noreg. Vurderinga vil vanlegvis måtte bli nokså sjablongmessig og formålsorientert.

Høgsterett kom til at varebilen skulle inndragast. På gjerningstidspunktet hadde den domfelte opphalde seg i Noreg nokre få månader. Han hadde ikkje ordinær jobb, men livnærte seg i nokon grad ved svart arbeid. Han budde aleine i varebilen, utan fast adresse. Familien var igjen i Romania. Han hadde kontakt med andre utanlandske vinningskriminelle. Tjuveriet blei gjennomført etter planlegging og rekognosering av fleire i fellesskap. Varebilen var ein nødvendig reiskap. Forholdet hadde likskapstrekk med såkalla mobil vinningskriminalitet. Den domfelte hadde teke over bilen etter ein annan rumensk statsborgar som var vist bort frå Noreg på grunn av tjuveri, mellom anna ved bruk av den same varebilen. Høgsterett vurderte inndraging som eit sterkt ønskjeleg og godt eigna verkemiddel for å kjempe mot denne typen kriminalitet, både med tanke på dei allmennpreventive verknadene og at inndraging konkret inneber at det aktuelle køyretøyet ikkje lenger er ein potensiell reiskap for kriminalitet. 

Les heile avgjerda

Til toppen