Spørsmål om ein meddommar i lagmannsretten var inhabil

Høgsteretts dom, 07.05.2014, HR-2014-00891-A, (sak nr. 2014/281), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Elisabeth Deinboll)

Dommarar: Kallerud, Noer, Skoghøy, Øie, Tjomsland

Saka gjaldt spørsmål om ein meddommar i lagmannsretten var inhabil.

Forsvararen hadde nær to år tidlegare representert arbeidsgivaren i ein tvist om avskjed av meddommaren. Avgjerande for habilitetsvurderinga var om det tidlegare oppdraget for arbeidsgivaren i avskjedssaka var eit omstende som gav den tiltalte og allmenta grunn til å frykte at dommaren ikkje var upartisk, jf. domstollova § 108.

I motsetning til mange av dei tidlegare habilitetsavgjerdene frå Høgsterett dreidde det seg i denne saka ikkje om sakshandtering som ledd i dommargjerninga, men om ei sak av svært personleg karakter der dommaren sjølv var motpart. Nyare rettspraksis gav lite rettleiing for korleis eit slikt spørsmål burde løysast.

Høgsterett uttalte at det generelt ikkje er grunnlag for å konstatere inhabilitet der ein prosessfullmektig eller forsvarar i den saka det skal dømmast i, tidlegare har representert motparten i ei sak der dommaren var part.

Høgsterett kom likevel til at meddommaren i dette tilfellet var inhabil. Det blei særleg lagt vekt på at den tidlegare saka gjaldt ein avskjed som låg mindre enn to år tilbake i tid. Ein slik tvist vil gjennomgåande gå sterkt inn på ein arbeidstakar. I den aktuelle arbeidskonflikten retta dessutan arbeidsgivaren belastande, personlege skuldingar mot arbeidstakaren, som på si side gav uttrykk for å vere sterkt kjenslemessig engasjert i saka. Advokaten hadde over tid vore rådgivar for og opptredd på vegner av arbeidsgivaren.

Les heile avgjerda

Til toppen