Straffutmåling for mellom anna brot på straffelova § 229 tredje straffalternativ

Høgsteretts dom, 15.01.2014, HR-2014-00080-A, (sak nr. 2013/1924), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Katharina Rise) mot A (advokat Trygve Staff)

Dommarar: Normann, Sæbø, Kallerud, Stabel, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling. Det heilt dominerande forholdet var brot på straffelova § 229 tredje straffalternativ, jf. § 232. Lagmannsretten meinte at dette forholdet isolert sett ville ha ført til ei straff av fengsel i sju år. Spørsmålet var om straffa var for mild. Høgsterett viste til den generelle skjerpinga av straffenivået som blei vedteken ved lov 25. juni 2010 nr. 46, og fråsegner i Prop. 97 L (2009–2010), mellom anna om kva som etter lovendringa ville ha vore riktig straff i dei tilfella som var dømde i Rt. 2007 side 1465 og Rt. 2009 side 1423. Høgsterett kom – særleg med tanke på dødsfølgja og brutaliteten i handlinga – til at straffa for dette forholdet isolert sett burde ha vore sju år og seks månader. Høgsterett heva den samla straffa frå fengsel i sju år og ni månader til fengsel i åtte år og seks månader. I den samla vurderinga blei det særleg lagt vekt på at den tiltalte også hadde gjort seg skuldig i eit grovt tjuveri som hadde mange likskapstrekk med ran.

Les heile avgjerda 

Til toppen