Straffutmåling for ei rekkje tilfelle av seksuell omgang med barn under ti år

Høgsteretts dom, 25.06.2014, HR-2014-01334-A, (sak nr. 2014/734), straffesak, anke over dom

A (advokat Kjell Holst Sæther) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Skoghøy, Tønder, Bårdsen, Endresen, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling for ei rekkje tilfelle av seksuell omgang med barn under ti år, jf. straffelova § 195 første ledd, jf. andre ledd bokstav c og § 193 første ledd.

Forholda skreiv seg frå perioden august 2008 til februar 2010. Den seksuelle omgangen bestod i at den domfelte ved ei rekkje høve hadde fått jentene, som var fødde i høvesvis 1999 og 2000, til å masturbere seg. Bortimot ti gonger hadde det vore med sædutløysing. I tida før overgrepa hadde den domfelte opparbeidd seg tillit hos barna ved mellom anna å ta dei med på aktivitetar og ved å gi dei godteri. Den domfelte hadde tidlegare fleire gonger vore dømd for seksuallovbrot. Éin av dommane gjaldt eit liknande forhold i 2001.

Lagmannsretten hadde under dissens fastsett straffa til fengsel i fire år og seks månader. På bakgrunn av omfanget av overgrepa og tidlegare domfellingar fann Høgsterett det riktig å ta utgangspunkt i eit straffenivå på fengsel i fem år. Men no hadde saka lege hos politiet i rundt to og eit halvt år utan at det var gjennomført etterforskingsskritt av betydning, noko som var ei krenking av retten etter artikkel 6 nr. 1 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen til å få saka avgjort innan rimeleg tid. For å reparere denne konvensjonskrenkinga blei straffa redusert til fengsel i fire år.

Les heile avgjerda

Til toppen