Straffutmåling for forsettleg drap

Høgsteretts dom, 15.01.2014, HR-2014-00081-A, (sak nr. 2013/2009), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Berit Sagfossen) mot A (advokat Øystein Storrvik)

Dommarar: Stabel, Normann, Sæbø, Noer, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling for forsettleg drap.

Drapet blei utført ved at den domfelte tildelte den fornærma til saman 33 knivstikk. Årsaka var ein diskusjon mellom den fornærma og ein venn av den domfelte. Den domfelte blanda seg inn, noko som førte til at den fornærma gav han eit knyttneveslag medan han heldt han fast. Den domfelte stakk da den fornærma minst fire gonger i brystkassa, og deretter meir enn tjue gonger i ryggen, etter at den fornærma sleppte taket og fall ned på golvet. Stikka blei påførte med stor kraft. Det dreidde seg ikkje om ein nødverjesituasjon.

Etter lovendringa 25. juni 2010 skal normalstraffenivået for "ordinære drap" ikkje liggje under fengsel i 12 år. På grunn av den brutale drapsmåten kom Høgsterett, som tingretten og lagmannsretten, til at straffa måtte liggje høgare enn det. Det blei også lagt vekt på at den domfelte i ettertid hindra vennen og sambuaren hans i å ringje etter hjelp og trua dei til å gi falsk forklaring om ein ukjend gjerningsmann.

Lagmannsretten sette straffa til fengsel i 13 år. Høgsterett forkasta anken frå påtalemakta.

Les heile avgjerda

Til toppen