Straffutmåling for valdtekt til seksuell omgang med mindreårig

Høgsteretts dom, 20.06.2014, HR-2014-01298-A, (sak nr. 2014/503), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (kst.statsadvokat Henriette Kvinnsland)

Dommarar: Endresen, Bergsjø, Bårdsen, Skoghøy, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling for valdtekt til seksuell omgang med mindreårig, jf. straffelova §§ 192 første ledd bokstav a og 196 første ledd.

Den tiltalte hadde fått den krenkte til å masturbere seg. Lagmannsretten fastsette straffa til fengsel i tre år. Den domfelte anka til Høgsterett, som forkasta anken ved å vise til dei straffeskjerpande omstenda i saka.

Les heile avgjerda

Til toppen