Straffutmåling ved bla. overtredelse av strl. § 132 a om trusler mot aktør i rettsvesenet

Høgsteretts dom, 03.04.2014, HR-2014-00701-A, (sak nr. 2014/10), straffesak, anke over dom

A (advokat Tor Kjærvik) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Line Nyvoll Nygaard)

Dommarar: Bergsjø, Kallerud, Stabel, Endresen, Matningsdal

Saka gjaldt straffutmåling ved mellom anna brot på straffelova § 132 a om truslar mot ein aktør i rettsvesenet. A blei i lagmannsretten domfelt for lekamskrenkingar overfor B, for å ha sett fram truslar mot han da han ikkje ville trekkje meldinga, og for truslar og lekamskrenking mot ein kamerat av B i samanheng med dette. Den domfelte var noko over 19 år på gjerningstidspunktet, og den samla saksbehandlingstida var om lag to og eit halvt år. Av dette utgjorde meir enn tolv månader rein liggjetid. Spørsmålet var om samfunnsstraff kunne takast i bruk.

Les heile avgjerda

Høgsterett tok utgangspunkt i at dei straffbare forholda tilsa rundt seks månader fengsel utan vilkår. Ung alder kunne ikkje i seg sjølv gi grunn til samfunnsstraff – ved fylte 18 år går det eit markert skilje ved valet av reaksjon. Ung alder blei likevel brukt som eit argument i heilskapsvurderinga. Saksbehandlingstida blei tillagd avgjerande vekt, og Høgsterett sette straffa til 120 timars samfunnsstraff. 

Til toppen