Straffutmåling ved narkotikalovbrot

Høgsteretts dom, 08.04.2014, HR-2014-00739-A, (sak nr. 2013/2218), straffesak, anke over dom

A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlige påtalemakta (statsadvokat Arvid Malde)

Dommarar: Matheson, Stabel, Endresen, Bergsjø, Matningsdal

Saka gjaldt straffutmåling ved narkotikalovbrot og reiste særleg spørsmål om straffenivå for å ha med parametoksymetamfetamin (PMMA) å gjera. PMMA er eit amfetaminliknande stoff som har svært alvorlege medisinske skadeverknader og gir høgare dødsrisiko enn amfetamin.

Høgsterett tok utgangspunkt i det skjerpa straffenivået for å ha med ecstasy å gjere. Den auka helserisikoen og faregraden ved dette stoffet samanlikna med amfetamin er i rettspraksis reflektert gjennom eit forholdstal 2:1 og da slik at 100 mg MDMA (ecstasy) blir likestilt med 200 mg amfetamin, jf. Rt. 2009 side 1394. Eit slikt skjerpa nivå må i enda større grad gjelde for PMMA. Etter å ha korrigert for låg styrke tok Høgsterett for oppbevaring av ca. 5 kilo PMMA utgangspunkt i ei straff av fengsel i fire år og seks månader. For overlevering av 1,1 kilo amfetamin tok Høgsterett utgangspunkt i ei straff av fengsel i to år og tre månader eller to år og seks månader. Fellesstraffa blei under tilvising til straffelova § 62 sett til fengsel i fem år og seks månader.

Dommen inneheld fråsegner om bruken av straffelova § 64 og av §§ 62 og 63 for forhold som i utgangspunktet er delar av éi og same sak, men som etter delvis fornya behandling blir pådømde til forskjellig tid i lagmannsretten.

Les heile avgjerda

Til toppen