Vilkåra for domfelling etter alkohollova for skjenking utan løyve

Høgsteretts dom, 26.06.2014, HR-2014-01359-A, (sak nr. 2014/514), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tormod Haugnes) mot A, B, C (advokat John Christian Elden)

Dommarar: Kaasen, Bull, Tønder, Indreberg, Skoghøy

Alkohollova § 8-9 set forbod mot å drikke alkohol i forsamlingslokale eller andre felleslokale utan skjenkjeløyve, med mindre lokalet blir leigd eller lånt ut til ein privatperson til eit enkelt tilfelle av "sluttet selskap". Spørsmålet i saka var om dette vilkåret for unntak frå kravet om løyve låg føre.

Dei tiltalte organiserte ein halloween-fest, der det blei drukke alkohol, i lokala til Hells Angels MC. Gjestene blei inviterte via ei lukka Facebook-side. Kvar av dei inviterte hadde høve til å invitere venner, som igjen kunne invitere sine venner. Det var lagt opp til ein viss kontroll ved inngangen.

Høgsterett slo fast at uttrykket "sluttet selskap" tilseier at det må dreie seg om ein avgrensa krets av personar som etter invitasjon deltek i eit felles arrangement der arrangøren fastset kriteria for kven som kan komme, og godkjenner kretsen av deltakarar. Under tilvising til forarbeida hevda Høgsterett at det ikkje er tilstrekkeleg å skrive seg på ei liste – sjølv ikkje ein klubb med avgrensa medlemskap utgjer eit "sluttet selskap".

På dette grunnlaget kom Høgsterett til at dei aktuelle festdeltakarane ikkje utgjorde eit "sluttet selskap". Det låg ikkje føre rettsvillfaring som kunne frita for straff. Den frifinnande dommen i lagmannsrettens blei dermed oppheva.

Les heile avgjerda

Til toppen