Profesjonsansvar for advokatar

Høgsteretts dom, 29.04.2014, HR-2014-00840-A, (sak nr. 2013/2238), sivil sak, anke over dom

A (advokat Jørgen Svartebekk), Den Norske Advokatforening (partshjelper) (advokat Henning Harborg) mot B (advokat Jan Kristian Matei Arhaug)

Dommarar: Noer, Stabel, Endresen, Bergsjø, Matningsdal

Saka gjaldt profesjonsansvar for advokatar og spørsmålet om kva plikter ein advokat har overfor klienten sin ved avslutninga av eit advokatoppdrag.

B hadde engasjert advokat til å hjelpe seg med eit erstatningskrav etter ei bilulykke. Tre veker før foreldingsfristen for kravet gjekk ut, sende ho ein e-post til advokaten der ho mellom anna skreiv: "Hei, siden jeg, tross gjentatte purringer, ikke har hørt et ord fra deg siden mai, har jeg bedt adv. C om å overta min(e) sak(er)." Advokaten oppfatta dette som ei oppseiing og skreiv til klienten at foreldingsfristen snart gjekk ut, og kva ho måtte gjere for å avbryte fristen.

B fekk ikkje tak i ny advokat innan fristen, og kravet blei forelda. Ho kravde erstatning frå advokaten for ikkje å ha oppfylt omsorgsplikta si overfor henne ved avslutninga av oppdraget, og vann fram i tingretten og lagmannsretten. I desse instansane blei det mellom anna lagt vekt på at B var ein ressurssvak klient, at den nye advokaten sat i kontorfellesskap med den gamle, slik at det hadde vore enkelt for advokaten å undersøkje om ho fekk hjelp vidare, og at advokaten kunne ha teke skritt for å avbryte foreldinga på vegner av henne.

Høgsterett kom til motsett resultat. Det blei lagt vekt på at ein advokat ikkje har fullmakt til å opptre på vegner av ein klient etter å ha blitt oppsagd, og at pliktene til advokaten i slike tilfelle er avgrensa til – etter omstenda – å gi klienten informasjon om avgjerande spørsmål som til dømes utløpet av foreldingsfristen. Desse krava var ikkje oppfylte her.

Les heile avgjerda

Til toppen