Fastsetjing av erstatning ved innløysing av eit areal som er regulert til friområde

Høgsteretts dom, 10.04.2014, HR-2014-00754-A, (sak nr. 2013/2130), sivil sak, anke over dom

Christian Bjerke (advokat Ole Løken) mot Ås kommune (advokat Tore Skar)

Dommarar: Normann, Tønder, Endresen, Bergsjø, Schei

Saka gjaldt fastsetjing av erstatning ved innløysing av eit areal som er regulert til friområde etter daverande plan- og bygningslov 1985 § 42, jf. gjeldande plan- og bygningslov 2008 § 15-2 første ledd. Spørsmålet var om erstatninga skulle fastsetjast på grunnlag av differanseprinsippet – det vil seie at erstatninga skulle setjast til forskjellen mellom verdien av eigedommen med det arealet som skulle avståast, og verdien utan dette – eller etter ei isolert vurdering av det innløyste arealet.

Lagmannsretten hadde lagt til grunn at det ikkje var rom for differanseprinsippet når det avståtte delområdet var regulert til friområde, jf. Rt. 2002 side 1045. Høgsterett var ikkje einig i at denne avgjerda kunne takast til inntekt for at det ikkje var plass til differanseprinsippet, når det avståtte arealet var regulert til friområde. Domspremissane lesne i samanheng måtte forståast slik at det Høgsterett fastslo, var at erstatninga – også ved bruk av differanseprinsippet – måtte fastsetjast ut frå gjeldande regulering. Lagmannsretten hadde utmålt erstatninga på grunnlag av verdien av det avståtte arealet, og verdien var ikkje vurdert ut frå differanseprinsippet. Overskjønnet bygde på uriktig rettsbruk og måtte derfor opphevast.

Les heile avgjerda

Til toppen