Spørsmål om Nordic Trustee ASA har søksmålskompetanse i ei erstatningssak

Høgsterettsavgjerd, 05.06.2014, HR-2014-01161-A, (sak nr. 2013/2303), sivil sak, anke over avgjerd

Nordic Trustee ASA (advokat Harald Hjort) mot Anders Ivar Olsen mfl. (advokat Anders Brosveet)

Dommarar: Indreberg, Normann, Kaasen, Bull, Skoghøy

Saka gjaldt spørsmålet om Nordic Trustee ASA som tillitsmann for tre obligasjonslån har søksmålskompetanse i ei erstatningssak reist på vegner av obligasjonseigarane mot mellom andre styremedlemmer og personar i leiinga i låntakarselskapet, jf. tvistelova § 1-3 andre ledd.

Høgsterett kom til at det er eit sterkt praktisk behov for at tillitsmannen skal kunne reise søksmål, samtidig som det ikkje gjer seg gjeldande tungtvegande omsyn mot. Konklusjonen blei at Nordic Trustee ASA, som sjølvstendig kravsforvaltar, har kompetanse til å fremme erstatningskrav frå obligasjonseigarane i eige namn.

Les heile avgjerda

Til toppen