Spørsmål om høve til å setje fram nye rettslege argument ved domstolsprøving av likningsvedtak

Høgsteretts dom, 04.09.2014, HR-2014-01758-A, (sak nr. 2014/277), sivil sak, anke over dom

Terratec AS (advokat Sven Olav Larsen) mot Staten v/Skatt øst (advokat Helge Skogseth Berg)

Dommarar: Matheson, Øie, Endresen, Bergsjø, Tjomsland

Saka gjaldt spørsmålet om høvet til å setje fram nye rettslege argument ved domstolsprøving av likningsvedtak der det faktum som dannar grunnlaget for argumentet, allereie har vore lagt fram for likningsmyndigheitene.

Høgsterett kom samrøystes til at når domstolen står fritt til å bruke rettsreglar på faktum i saka, jf. Rt. 2009 side 105 (Enskilda) avsnitt 112, er det vanskeleg å grunngi at ein skattytar ikkje skal kunne framføre, og få behandla, nye rettslege argument knytte til opplysningar som har vore lagde fram for likningsmyndigheitene. Dette må i alle fall gjelde når det – slik som i det aktuelle tilfellet – har vore gjort breitt greie for det faktum som det nye rettslege argumentet for domstolen byggjer på, og argumentet knyter seg til same privatrettslege disposisjon som likningsvedtaket, jf. Rt. 2010 side 999. 

Les heile avgjerda

Til toppen