Spørsmål om det er inngått bindande avtale om kjøp av 70 prosent av aksjane i eit firma

Høgsteretts dom, 04.02.2014, HR-2014-00247-A, (sak nr. 2013/1839), sivil sak, anke over dom

Hans Svarstad Hansen (advokat Stein Owe) mot Thomas Johnssomn Förvaltning AB (advokat Arild Karlsen)

Dommarar: Matningsdal, Stabel, Bergsjø, Normann, Schei

Saka gjaldt spørsmål om kjøparen i samband med kjøp av ein større aksjepost hadde teke atterhald om at ein bindande avtale først var inngått når eit framforhandla avtaleutkast var underteikna av partane. Vidare var det spørsmål om det seinare hadde falle bort.

Ved innleiinga av forhandlingane om kjøp av 70 prosent av aksjane i Strømstad Marina AB hadde kjøparen teke atterhald om at det var ei "forutsetning at ingen av partene har krav mot den annen dersom forhandlingene ikke fører frem til en signert avtale". Etter at det var forhandla fram ein avtale med motparten og det var gjennomført due diligence, avslo kjøparen å underteikne avtalen. I den samanhengen gjorde han gjeldande at han hadde teke atterhald om at signaturen til partane var ein føresetnad for ein bindande avtale.

I motsetnad til lagmannsretten kom Høgsterett til at ein måtte forstå det nemnde atterhaldet slik at signaturen til partane var ein føresetnad for ein bindande avtale. Kjøparen kunne dermed nekte å underteikne avtalen utan å oppgi nokon grunn. Subsidiært gjorde seljaren gjeldande fleire grunnar til at atterhaldet om signatur var falle bort. Ingen av desse motsegnene førte fram.

Les heile avgjerda

Til toppen