Spørsmål om ein norsk kommune kunne krevje tilknytingsavgift for vatn som blir levert til eit kjøpesenter i Sverige

Høgsteretts dom, 29.04.2014, HR-2014-00841-A, (sak nr. 2013/2395), sivil sak, anke over dom

Nordby Köpcenter AB (advokat Rasmus Asbjørnsen) mot Halden kommune (advokat Morten Kokkim)

Dommarar: Stabel, Endresen, Bergsjø, Kallerud, Matningsdal

Saka gjaldt spørsmål om ein norsk kommune kunne krevje tilknytingsavgift for vatn som blir levert til eit stort kjøpesenter i Sverige. Halden kommune inngjekk i 2005 ein avtale om levering av vatn til Nordbysenteret, som ligg like ved grensa til Noreg. Kommunen hadde på dette tidspunktet inga tilknytingsavgift for vatn, berre årlege avgifter. Med verknad frå 2008 blei det likevel innført ei slik avgift.

Høgsterett kom til at kommunen kunne krevje avgift frå senteret. Fleirtalet – tre dommarar – meinte at vass- og kloakkavgiftslova frå 1974 ikkje sette nokon geografiske grenser for kven som kunne påleggjast avgift. Dette måtte også gjelde utanlandske brukarar. Mindretalet på to dommarar meinte at lova ikkje kom til bruk på utanlandske brukarar, men at kravet om tilknytingsavgift i dette tilfellet var forankra i ein avtale ved at senteret hadde forplikta seg til å betale avgift som norske abonnentar.

Les heile avgjerda

Til toppen