Spørsmål om ein granskingsrapport er omfatta av forbodet i tvistelova § 22-5 første ledd

Høgsteretts orskurd, 05.09.2014, HR-2014-01775-A, (sak nr. 2014/1317), sivil sak, anke over orskurd

A (advokat Marius Borgen) mot B AS (advokat Jan Fougner)

Dommarar: Øie, Endresen, Bergsjø, Kallerud, Matningsdal

Saka gjeld spørsmålet om ein granskingsrapport som er utarbeidd av eit rådgivings- og konsulentselskap under leiing av ein advokat, er omfatta av forbodet i tvistelova § 22-5 første ledd mot å føre bevis om fortrulege opplysningar til mellom andre advokatar.

Høgsterett kom under dissens 4–1 til at granskingsrapporten fell inn under bevisforbodet. Dermed kunne rapporten ikkje leggjast fram i ei rettssak som A hadde reist mot B AS.

Les heile avgjerda

Til toppen