Om skatt på kostnader til forsking i daglegvaremarknaden

Høgsteretts dom 7.4.15, HR-2015-00734-A, (sak nr 2014/1814), sivil sak, anke over dom

I. Lilleborg AS (advokat Jan B. Jansen) mot Staten v/Sentralskattekontoret for storbedrifter (advokat Tore Skar)

II. Orkla Foods Norge AS (advokat Frode Talmo) mot Staten v/Sentralskattekontoret for storbedrifter (advokat Tore Skar)

Dommarar: Bergsjø, Skoghøy, Normann, Arntzen, Tjomsland

Saka gjaldt gyldigheita av likninga av Stabburet AS for åra 2004–2007 og Lilleborg AS for 2007. Skatteklagenemnda hadde komme fram til at kostnader til utvikling av nye produktvariantar innanfor eksisterande varemerke ikkje kunne utgiftsførast direkte, men at dei måtte aktiverast. Nemnda auka derfor den skattbare inntekta til selskapa i dei aktuelle åra med om lag 27,5 millionar kroner. Høgsterett var ueinig i vurderinga til skatteklagenemnda og gav selskapa medhald. Likningsvedtaka blei oppheva, idet vilkåra for aktiveringsplikt, slik Høgsterett såg det, ikkje var oppfylte.

Dommen inneheld utsegner om når utgifter til forsking og utvikling kan utgiftsførast direkte, og når dei må aktiverast. Høgsterett tek òg stilling til innhaldet i omgrepet "driftsmiddel" og kva som ligg i varigheitskravet i skattelova § 14-40 første ledd bokstav a.

Les heile avgjerda

Til toppen