Bilforsikring – krav om erstatning etter skade

Høgsteretts dom 16.9.2015, HR-2015-01895-A, (sak nr. 2015/582), sivil sak, anke over dom

Codan Forsikring (advokat Jørgen Brendryen) mot A (advokat Faruk Resulovic)

Dommarar: Noer, Utgård, Indreberg, Kallerud, Matningsdal

Ein passasjer som blei treft i hovudet og skadd da føraren av bilen lukka igjen bakluka på ei stasjonsvogn, vann fram mot forsikringsselskapet og fekk medhald i kravet om erstatning etter bilansvarslova.

Høgsterett la vekt på fråsegner i forarbeid og rettspraksis om kva som skal reknast som skade som ein bil gjer, og kom til at dette var eit tilfelle som var omfatta av ansvaret.

Dommen gir retningslinjer for kva skadar som kjem inn under ansvaret til forsikringsselskap etter bilansvarslova.

Les heile avgjerda

Til toppen