Gyldigheita av eit vedtak om å annullere eksamen på grunn av grovt aktlaust fusk

Høgsteretts dom 15.9.2015, HR-2015-01878-A, (sak nr. 2015/358), sivil sak, anke over dom

Staten v/Universitetet i Bergen (Regjeringsadvokaten v/advokat Håvard H. Holdø) mot A (advokat Halfdan Mellbye)

Dommarar: Tønder, Noer, Arntzen, Kallerud, Utgård

Høgsterett kom til at vedtaket var gyldig. Universitetet i Bergen blei frifunne.

I samband med juseksamen hadde studenten ved innlevering av lovlege hjelpemiddel før bokkontrollen gløymt på eksamenspulten nokre ark med relevante dommar og svaret på ei oppgåve han hadde skrive. Planen var å lese gjennom arka utanfor eksamenslokalet medan han venta på at eksamen skulle begynne. Arka blei oppdaga under bokkontrollen og fjerna frå pulten.

Sjølv om studenten ikkje hadde tenkt å gjere seg nytte av arka under eksamen og heller ikkje hadde arka for handa medan han svarte på eksamensoppgåva, blei hendinga rekna som fullbyrda fusk. At han gløymde arka på pulten, blei sett på som grovt aktlaust.

Les heile avgjerda

Til toppen