Prøving av bidragsfuten si fastsetjing av barnebidrag

Høgsteretts orskurd 1.6.2015, HR-2015-01153-A, (sak nr. 2014/2300), sivil sak, anke over orskurd

Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ole Kristian Rigland) mot A (advokat Erik Wold)

Dommere: Tønder, Ringnes, Bull, Stabel, Tjomsland

Ein mann frå Romsdal gjekk til sak mot staten fordi han var misfornøgd med bidragsfuten si fastsetjing av barnebidrag. Staten påstod saka avvist fordi den tidlegare ektefellen til mannen, som var bidragspliktig, ikkje var gjord til part i saka.

Høgsterett kom til at saka skulle fremmast. I saker som gjeld gyldigheitsprøving av forvaltningsvedtak, er det tilstrekkeleg at det offentlege er saksøkt, sjølv om avgjerda i så fall ikkje blir direkte bindande for andre som vedtaket får følgjer for.

Les heile avgjerda

Til toppen