Spørsmål om ei mormor som etter omsorgsovertaking har fremma krav om fastsetjing av samvær med barnebarn, har krav på partsstatus

Høgsteretts dom 4.5.2015, HR-2015-00964-A, (sak nr. 2014/1964), sivil sak, anke over dom

X kommune (Kommuneadvokaten i X v/advokat Nina Sandell) mot A (advokat Håkon Malm)

Dommarar: Endresen, Webster, Ringnes, Noer, Øie

I ei sak om samværsrett for mormor, som etter omsorgsovertaking hadde fremma krav om samvær, kom Høgsterett til at ho ikkje hadde krav på å få saka prøvd av fylkesnemnda. Etter barnevernlova § 4-19 har andre enn foreldra som har nær tilknyting til barnet, berre krav på status som part når foreldra er døde, er fråtekne samværsretten eller er innrømde berre eit "svært begrenset" samvær. Eit årleg samvær for mor på fire gonger tre timar kunne ikkje reknast som "svært begrenset", ifølgje lova. At det var fastsett tilsyn med samværa, kunne ikkje føre til eit anna resultat.

Les heile avgjerda

Til toppen