Inndraging etter domfelling for heleri

Høgsteretts dom, 22.4.2015, HR-2015-00856-A, (sak nr. 2015/17), straffesak, anke over dom,

A (advokat Steinar Thomassen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen)

Dommarar; Utgård, Skoghøy, Arntzen, Noer, Tjomsland 

Høgsterett kom samrøystes til at 65 000 kroner som var oppbevarte av A, kunne inndragast etter at A var domfelt for heleri.

Inndraginga skjedde med heimel i straffelova § 35 første ledd andre straffalternativ, som gir høve til inndraging av ting som "har vært gjenstand for en straffbar handling". 

Alle dommarane var einige i at pengane kunne inndragast etter § 35. I den nærare grunngivinga delte retten seg. 

Fleirtalet – fire dommarar – la til grunn at § 34 og § 35 måtte sjåast i samanheng, og at ingen av føresegnene stiller opp krav om at den attomliggjande handlinga måtte konkretiserast. Etter desse dommarane sitt syn er det for begge paragrafane slik at det er tilstrekkeleg at sjølve helerihandlinga er konkretisert, utan at det må førast bevis for kva handling det er som ligg attom heleridommen. 

Mindretalet – ein dommar – var einig med fleirtalet når det gjaldt § 35, men meinte at inndraging etter § 34 krev konkretisering av det straffbare forholdet som eventuelt ligg attom.

Lagmannsretten hadde drøfta spørsmålet i ein breiare samanheng der også § 34 var trekt inn. I § 34 heiter det: "Utbytte av en straffbar handling skal inndras."

Les heile avgjerda

Til toppen