Spørsmål om omsyn til rehabilitering tilseier bruk av samfunnsstraff

Høgsteretts dom, 7.4.2015, HR-2015-00735-A, (sak nr. 2014/2277), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Morten Schjetne)

Dommarar: Arntzen, Matheson, Skoghøy, Endresen, Tjomsland

Den domfelte fikk medhald i at straffa for mellom anna ei lekamsskading og ei rekkje vinningsbrotsverk skulle endrast frå åtte månaders fengsel – av dei fire månader på vilkår – til 198 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på sju månader, subsidiært sju månaders fengsel.

Sjølv om det klare utgangspunktet ved lekamsskadingar er fengsel utan vilkår, tilsa omsynet til rehabilitering bruk av samfunnsstraff. Den domfelte hadde vore rusfri i over eitt år etter mange års rusmisbruk, var i arbeidspraksis og blei av saksbehandlaren i Nav omtalt som velfungerande både i jobb og sosialt.

Les heile avgjerda

Til toppen