Tilbakekall av retten til å føre motorvogn etter vegtrafikklova § 34 femte ledd

Høgsterettsdom, 6.5.2015, HR-2015-00988-A, (sak nr. 2015/125), straffesak, anke over dom

A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Per Eirik Vigmostad-Olsen)

Dommarar: Ringnes, Endresen, Noer, Arntzen, Utgård

Den domfelte var i lagmannsretten dømd til fengsel i tretti dagar for køyring utan gyldig førarkort. Høgsterett forkasta anken. Hovudspørsmålet i saka var om føreretten var gyldig tilbakekalla etter vegtrafikklova § 34 femte ledd, som set som vilkår for tilbakekall at innehavaren «ikkje er edrueleg».

Høgsterett uttalte at det er eit krav at innehavaren misbruker rusmiddel i eit så stort omfang og så regelmessig at situasjonen tilseier at han ikkje er skikka til å føre motorvogn. Det er ikkje eit krav at det er dokumentert alkoholisme eller rusavhengigheit i medisinsk forstand. Den domfelte hadde dei siste to åra før vedtaket om tilbakekall blitt straffa for til saman fire brot på narkotikalovgivinga. Dette var ein klar indikasjon på eit vedvarande og aktuelt misbruk som går utover det sporadiske. Høgsterett uttalte at desse inngrepa i seg sjølve var tilstrekkeleg grunnlag for tilbakekall av føreretten.

Les heile avgjerda

Til toppen