Ei psykisk utviklingshemma kvinne blei ikkje friteken for straff for seksuelt overgrep på grunn av "jamlikskap i alder og utvikling"

Høgsteretts dom 24.9.2015, HR-2015-01946-A, (sak nr. 2015/810), straffesak, anke over dom

I. A (advokat Bjørn Haugen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Peter A. Johansen

II. Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Peter A. Johansen) mot A (advokat Bjørn Haugen)

Dommarar: Kallerud, Tønder, Bull, Falch, Skoghøy

Ei lettare psykisk utviklingshemma kvinne blei ikkje friteken for straff for seksuelt overgrep på grunn av "jamlikskap i alder og utvikling". Dom 24. september 2015. 

Den tiltalte var så vidt fylt 18 år da ho hadde samleie med ein gut som var litt under 14 år gammal. Trass i utviklingshemminga var aldersforskjellen på fire år og éin månad for stor til at ho kunne fritakast for straff fordi partane var "omtrent jevnbyrdige i alder og utvikling". 

Dommen gir rettleiing for forståinga av straffritaksregelen i straffelova § 195 fjerde ledd, særleg der ein av partane er mindre moden enn normalt for alderen.

Les heile avgjerda

Til toppen